Arkivet sine funksjonar:
Arkivet skal vere til god nytte for saksbehandlarane og leiarane i deira sitt daglege arbeid. Dei skal lett og raskt ha tilgang til dokument og informasjon i si saksbehandling. For at dette skal vere effektivt må alle arkivverdige dokument vere registrerte i saksbehandlingsystemet. Dokumenta må ha status som ekspedert og/eller journalført for å vere tilgjengelege for alle.
Den som jobbar i arkivtenesta skal
- til ei kvar tid kunne framskaffe oversikt over registrerte saker, kven som er saksbehandlar, om saka er under behandling eller avslutta
- i samband med journalføring av dokument også følgje opp saksbehandlinga slik at postlister blir i samsvar med skrivereglane i organisasjonen
- følgje opp leiarane og saksbehandlarane med restansekontroll 2 gonger i året
- vere til hjelp med å finne fram papirbaserte dokument som er knytt til eldre arkiv
- kjenne til og arbeide etter lover og reglar som gjeld for arkivarbeid
Arkivleiar er ansvarleg for å sikre bevaring av arkivmateriale som har betydning for kulturell eller forskningsmessig verdi. Dokument som inneheld rettsleg eller viktig forvaltningsmessig dokumentasjon skal også takast vare på slik at det kan gjerast tilgjengeleg for ettertida, jfr Arkivlova §1.
Laster...