Eit offentleg organ skal til ei kvar tid ha ein ajourført samleplan, ein arkivplan, som viser kva arkivet omfattar og korleis det er organisert. Arkivplanen skal også vise kva slags instruksar, reglar, planar m.v. som gjeld for arkivarbeidet (jf. arkivforskrifta §2.2).
Arkivplanen dokumenterer arkivorganiseringa i Gulen kommune, oppbygginga av arkivet og reglar for korleis dette vert administrert. Arkivplanen vert oppdatert fortløpande, og minst ein gong pr. år. Den oppdaterte arkivplanen vert journalført.
Det daglege arkivansvaret for kommunen si arkivteneste ligg hjå arkivleiar. Det overordna ansvaret for arkivet ligg hjå kommunedirektør.
Arkivplanen for Gulen kommune blir godkjent slik han ligg vedlagt, og planen skal gi bindande retningsliner for all handsaming av informasjon og dokumentasjon i Gulen kommune.
Reidun Halland
Kommunedirektør
Laster...